Brukbare spor på Jårakjølen (Januar 2010)

Det er no kjørt opp skispor frå parkeringsplassen på Kolbrandstad (Teigen) på Hølonda. Fortsatt lite snø, men spora vart brukbare. Med utgangspunkt frå parkeringsplassen nedafor stavkyrkja på Kolbrandstad, er det meir enn tre mil samanhengande spor til Skaunakjølen og Solsjøbygda i Orkdal. Ved Morsjøen har idrettslaget Leik trimpost, og der går det an å ta seg ein pust i bakken og eventuelt tenne bål og koke seg kaffe ved gapahuken. 

For Jårakjølens Venner

Reidar Almås